Gud smiler

Forfatter: 
Pris: 
kr 299,-
Utgivelsesår: 
2019
Innbinding: 
Innbundet
Sidetall: 
256
ISBN: 
9788279904717
Språk: 
Originalspråk: 
Omslagsdesigner: 
monoceros

«Kjærligheten er en ensom ting,» sa Agnar Mykle. Kan så vere. I Gud smiler (1935) er den nærast overbefolka. Her avløyser den eine konstellasjonen den andre, i eit persongalleri sentrert rundt Justin og Gudrun og deira veg gjennom tilværet. Alle ser ut til å vere på jakt, anten det er etter pengar, ære, hest eller ro i sjela, og det er langt ifrå enkelt å vite kva som er sanning og kva som er løgn. «Ein snøplog går i land,» kalla Duun sjølv boka. Med det viste han ikkje berre til forma, to breie venger som møtest på midten, men òg til Aksel Sandemoses forteljing om rømlingen, sjalusien og trekantforholda. 

I Gud smiler er Duuns replikkunst og personteikning på sitt mest framifrå. Om det å lese romanar seier boka at «det var rart å sitte slik og reise i ei anna verd. Ein opplevde det som kunde ha hendt ein sjøl: for mennesket var visst ingen ting umuleg?» Justin og Gudrun er slike figurar. Dei er karakterar vi aldri forstår til botnar. Han har overlevingsevne, ei dialekt som blir beteikna som truverdig og hundetekke i den grad at han kallar ein hund for tremenningen sin; ho er sterk og sårbar og kastar seg gang på gang ut i mellomrommet mellom fridom og lagnad, sanning og rolleforventing. Når vegane deira kryssar, møtest også død og kjærleik, fortær­ande flammer, underslag og barnedød, i det som har blitt kalla Duuns mest erotiske roman.

Etterord ved Oda Vige Helle