Nordstoga, Sveinung

Sveinung Nordstoga (f. 1954) er dosent ph.d. i norskdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg, studie­stad Notodden. Han har skrive fleire artiklar og bøker om litteraturhistoriske emne, song­lyrikk, historia om norskfaget og om nynorske for­fattar­skap. Viktige utgjevingar er Litteraturhistorie og L97. Ei fagdidaktisk innføring (1998), Livshistorier på landsmål. Andreas Austlids’ Lesebok for folkeskulen – eit leseprogram blir til (ph.d. avh. frå 2011) og Varsel, venting, vandring.  Vegar inn i forfattarskapen til Tarjei Vesaas (2015). 

 

Bibliografi